Nesseplast – eit historisk tilbakeblikk
Nesse oppvekstsenter hadde hausten 2013 eit entreprenørskapsprosjekt der det tok føre seg historia til AS Nesseplast. Dette prosjektet resulterte i ein flott modell av fabrikkbygget på Nessane og i eit hefte, laga som ei tidslinje, som syner heile historia til Nesseplast. Dokumentet er fint krydra med bilete frå dei aktuelle tidsperiodane.
